Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Elevar

Elevar

Lenke til fylkeskommunen sine nettsider for elevar og føresette

Velkomen som elev ved Sunndal vidaregåande skole

Som elev ved Sunndal vidaregåande skole blir du medlem i eit moderne skolesamfunn med eit breitt fagleg miljø og eit godt sosialt fellesskap.

Skolen har omlag 300 elevar og 50 tilsette. Vi gir opplæring i studieførebuande fag og i yrkesfag innan helse- og sosialfag, elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon. I tillegg har vi høgskole- og universitetsutdanning som fjernundervisning og faglege kurs for lokalt næringsliv.

Denne breidda gir eit rikt og samansett skolemiljø med gode forhold for læring både i undervisningstimar og pauser.

Vi legg vekt på å skape eit godt sosialt og fagleg miljø. Elevane er organisert i grupper på om lag 15 personar med ein kontaktlærar som har hovudansvar for den enkelte elev si faglege og sosiale utvikling på skolen.

Skolebygget har trådlaust datanettverk slik at det ligg godt til rette for bruk av data i læringsarbeidet. Elevane våre bruker berbare datamaskiner.

Sunndal vidaregåande skole gjer ein ekstra innsats mot rasisme og framandfrykt. For dette arbeidet vart vi heidra med "Benjamin-prisen" av Regjeringa i februar 2003.

Vi ønskjer at skolen skal vere den viktigaste arbeidsstaden for elevane og at skoleåret skal bli mest mogleg vellukka og positivt for alle. Ein føresetnad for dette ar at alle deltek aktivt i læringsarbeidet, ikkje berre på eiga hand, men også i samarbeid med medelevar og lærarar.

Velkomen som elev ved Sunndal vidaregåande skole

Jan Ove Løken
rektor