Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Elevar > Skoleskyss > Gratisprinsippet ved elevreiser

Gratisprinsippet ved elevreiser

Sunndal vgs får av og til spørsmål om gratisprinsippet og elevane sine reiser i samband med  skolegang og opplæring.

Kort fortalt er vår praksis slik:

Skoleskyss
Hovuddelen av elevane ved Sunndal vgs  sine reiser knytt til skolegangen er dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune sitt skyssreglement. Fylkeskommunen sin praksis finn du på denne lenka: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Samferdsel/Skoleskyss

Fagekskursjonar

Skolen held transport for deltakarane, t.d. buss og eventuelle ekstra lønskostnadar for tilsette. Elevane må sjølv halde seg med mat og eventuelle lommepengar.

Døme: Anleggsdag i Kristiansund for elevar på Teknikk og industriell produksjon og på Bygg- og anleggsteknikk. Ekskursjon i geografi og kroppsøving til Linndalen/Dinndalen for elevar på Vg1 Studiespesialisering. Framandspråkekskursjon  til Frankrike, Tyskland eller  Spania for Vg2 Studiespesialisering.

Aktivitetsdagar utanom skoleområdet

Skolen held transport for deltakarane og eventuelle ekstra lønskostnadar for tilsette. Elevane må sjølv halde seg med mat og eventuelle andre kostnader skolen ikkje pålegg dei, t.d. heiskort dersom dei ønskjer å køyre alpint i staden for å gå skitur.

Døme: Skidag til Oppdal eller til Ålvundeid. Turdag til Innerdalen.

Fagekskursjon historie/danningsreise

Reise med Hvite busser for Vg3 Studiespesialisering.  Skolen held transport for deltakarane og eventuelle ekstra lønskostnadar for tilsette. Elevane må sjølv halde seg med mat, lommepengar og eventuelle andre kostnader skolen ikkje pålegg dei, t.d. inngangspengar til diskotek på kveldstid.

 

Reiser som ikkje er del av opplæringa

Kvart år arrangerer grupper av elevar reiser som ikkje er del av skolen si opplæring, men som utanfrå kan sjå ut som ein skoleaktivitet.  Slike reiser skjer utanom skoletida og er ikkje i skolen sin regi. Skolen dekkjer ingen kostnader knytt til slike reiser. Døme: Deltaking på russetreff på Oppdal.

 

Generelt

Sunndal vgs mottek kvart år anonyme pengegåver frå foreldregrupper knytt til språkreiser for Vg2 Studiespesialisering og for reise med Hvite busser for Vg3 Studiespesialisering. Gåvene er anonyme i tydinga at det ikkje framgår for skolen kven av dei føresette som har bidratt til gåva. Gåvene er øyremerka den enkelte reisa og kjem heile elevgruppa som reiser til gode. Det er ikkje eit vilkår for den enkelte elev si deltaking på reisa at deira føresette har bidratt til gåve til skolen.  Vi mottek også sponsormidlar frå lokalt næringsliv knytt  til utanlandsreiser utan at det er knytt krav om motyting.  Vi har likevel nesten kvart år elevar som ikkje deltek på utanlandsreiser av ikkje-økonomiske grunnar t.d. manglande reisepapir. For elevar som av ulike grunnar ikkje deltek på skoleaktivitetar utanom skolen, har vi andre organiserte opplæringstilbod til same tid.

Gratisprinsippet i vidaregåande opplæring

Utdanningsdirektoratet har laga ei oversiktleg framstilling av gratisprinsippet på sine nettsider 

Gratisprinsippet i vidaregåande opplæring er regulert i Opplæringslovas § 3-1 niande ledd og i Forskrift til Opplæringslova § 19. I motsetning til i grunnskolen kan vidaregaånde skole krevje at elevane dekkjer enkelte kostnader ved opplæringa sjølv.