Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

Kultursekken

Publisert 13. september 2012 13:09:43 av Jan Ove Løken Administrator
Her ein ein liten video om kultursekken

M&R Fylke - Kultursekken

M&R Fylke - Kultursekken.wmv 3,82 MB

Les meir

INVITASJON TIL MØTE

Publisert 13. september 2012 08:35:17 av Jan Ove Løken AdministratorFøresette til elevar på 1. årssteg blir invitert til møte på Sunndal vidaregåande skole torsdag 20. september 2012 klokka 19.00 på klasserom 107

Rektor, rådgjevar og kontaktlærarar vil vere til stades for å orientere om kva det vil seie å vere elev ved skolen. Det vil bli ei kort orientering om helsetenesten ved skolen og om ordninga med berbare datamaskiner.

 Vi ønskjer også å sette søkjelys på kva heim og skole kan vente av kvarandre.

 Det skal veljast ein representant til skoleutvalet mellom dei føresette til elevane på 1. årssteget.

 Etter fellesmøtet blir det klassevise møte med kontaktlærarar.

 Vel møtt!

Les meir

NETTBRETT TIL 70 ELEVAR

Publisert 21. august 2012 10:08:34 av Jan Ove Løken Administrator70 elevar ved Sunndal vgs skal bruke nettbrett skoleåret 2012/13. Alle førsteårselevar på utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk og på Studiespesialisering har fått utlevert kvar sin iPad. Dei får alle lærebøker som e-bøker.

Bruken av nettbrett er eit forsøk for å hauste erfaringar med bruk av e-bøker i staden for papirbøker og for å prøve ut om nettbrett kan brukast i staden for PC i elevane sitt skolearbeid.

Utprøvinga er eit samarbeid mellom Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunndal vidaregåande skole, Aschehoug og Apple Norge.

Les meir

Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Publisert 14. august 2012 13:43:49 av Jan Ove Løken AdministratorUtstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel til kalkulator, verktøy eller kroppsøvingsutstyr.

Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen dersom dei søkjer innan fristen!

 Utstyrsstipendet varierer mellom 910 kroner og 2 910 kroner for heile skoleåret. Kor mykje pengar du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek, sjå lanekassen.no/utstyrsstipend.

Slik får du pengane frå Lånekassen
  1. Du får opptak til skoleplass og takkar ja.
  2. Du søkjer frå lanekassen.no. eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til vidaregåande opplæring.
  3. Du følgjer søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no.
  4. Du får SMS/e-post når søknaden er ferdigbehandla.
  5. VENT
     Det tekminst ei vekefrå du får svar frå Lånekassen, til du kan hente stipendmeldinga/gjeldsbrevet på skolen.
  6. Du hentar stipendmeldinga/ gjeldsbrevet på skolen.
  7. Du skriv under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet - dersom du er under 18 år må både du og ein av foreldra dine skrive under.
  8. Du sender stipendmeldinga/gjeldsbrevet tilbake til Lånekassen. Klipp av svarslippen, ikkje send inn heile brevet. Hugs frimerke.
  9. VENT
     Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får  stipendmelding/gjeldsbrev med underskrift frå deg, til pengane er på kontoen din. Hugs at du må stå som eigar av kontoen.

Visste du at
  • når du sender søknaden, sjekkar Lånekassen automatisk om du kan ha rett til andre stipend i tillegg 
  • stipend er pengar du får, og som du ikkje treng å betale tilbake

Følg Lånekassen på Facebook

Lånekassen har ei eiga side på Facebook for deg som er elev på vidaregåande. Sjekk facebook.com/lanekassen.vgs.

Les meir

HAUSTEKSAMEN 2012 i den vidaregåande skolen

Publisert 14. august 2012 13:37:00 av Jan Ove Løken AdministratorPrivatistar, lærlingar.
Elevar/lærlingar som har rett til ny, utsett og særskild eksamen.
Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3

Oppmeldingsfrist: 15. september 2012

Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er berre nettbasert (web). 

Det er 10 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal som gjennomfører eksamen for privatistar. Sunndal vgs er ein av desse skolane.

Privatistweb er open for oppmelding i perioden 15. august - 15. september 2012.

For informasjon og oppmelding, sjå www.privatistweb.no og www.mrfylke.no.

Det er viktig at du les informasjonen på privatistweb før du melder deg opp.

Skolen vil hjelpe deg med informasjon ut over det du finn på privatistweb.

Vi gjer merksam på at eksamen kan bli avvikla ved ein anna skole enn den du set opp som ditt ønske.

Elevar som skal ha ny, utsett eller særskild prøve melder seg til skolen dei hadde faget ved våren 2012. 

Oppmeldingsfrist: 15. september 2012.

 

NB! Det er ikkje høve til å melde seg til privatisteksamen etter denne fristen.

Les meir

Velkomen til nytt skoleår!

Publisert 06. august 2012 14:01:33 av Jan Ove Løken AdministratorVi startar det nye skoleåret måndag 20. august klokka 08:00.
Oppmøte på skoleplassen (i kantina dersom veret er dårleg).

Sunndal vgs på Facebook

Les meir

PC-ordning 2012

PC-ordning 2012

Publisert 04. juli 2012 14:22:54 av Jan Ove Løken AdministratorAlle elevar ved Sunndal vidaregåande skole må bruke datamaskin. Bruk av digitale verktøy er ein av dei fem grunnleggande ferdighetene som er viktig for all læring i alle fag.

Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørgje for å ha ein fungerande datamaskin tilgjengeleg heile tida på skolen.

Når du skal skaffe deg datamaskin kan du velje mellom to ordningar:

1.       PC frå Møre og Romsdal fylkeskommune

2.       Kjøpe/bruke eigen datamaskin

Les meir om dette her

Les meir

Tilfredsstillande skoleår for Sunndal vgs

Publisert 03. juli 2012 14:56:38 av Jan Ove Løken AdministratorSkoleåret 2011/12 er eit middels, men tilfredsstillande år for Sunndal vgs. Skoleåret er det 4. beste dei 10 siste åra, og vi har hatt det høgaste elevtalet på 10 år.

Skoleåret 2011/12 er eit middels, men tilfredsstillande år for Sunndal vgs.

Kort om sentrale resultatindikatorar

 

Resultat dei 10 siste åra i blått. Raud trendlinje

85% av elevane som starta på Sunndal vidaregåande skole hausten 2011, fullførte skoleåret med ståkarakterar i alle fag. Dette er 1%-poeng betre enn sist skoleår, og 1%-poeng betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

95% av elevane fekk beste karakter i orden og oppførsel. Dette er det same som  sist skoleår, men 1% betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

5% av elevane slutta før skoleåret var ferdig. Dette er 2%-poeng fleire enn sist skoleår og likt med  gjennomsnittet for dei 10 siste åra.

Elevane sitt frammøte på skolen var på 93%,  1%-poeng svakare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra og  likt med for forrige skoleår.

8% av elevane fekk strykkarakter i minst eitt fag. 2%-poeng færre enn skoleåret 2010/11 og likt med gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

86% av elevplassane ved skolen var i bruk ved slutten av skoleåret, 1%-poeng lågare enn sist skoleår , og likt med  gjennomsnittet. Kapasiteten på elevplassar ved skolestart var 330, det høgaste dei siste 10 åra. Skolen har hatt ekstra elevkapasitet dei to siste skoleåra grunna finanskrisa sin verknad  i Sunndal.

Nokre nøkkeltal for karakterar:

8% av alle elevane har fått karakteren 1 i minst eitt fag.

35% av avgangselevane på studiespesialisering har karakteren 6 i minst ein av eksamenane som står på dokumentasjonen skolen har skrive ut. Beste resultat hos ein enkelt avgangselev er 13 seksarar .

Gjennomsnittskarakteren til eksamen i norsk hovudmål for studiespesialisering ligg i år noko lågare enn  landsgjennomsnittet. (Gjennomsnitt Sunndal vgs 2,9. Landsgjennomsnitt 3,2)

Det er relativt bra samsvar mellom eksamenskarakterar og standpunktkarakterar i dei fleste fag.

Konklusjon

Skoleåret 2011/12 er eit middels, men tilfredsstillande år for Sunndal vgs. Skoleåret  er det 4. beste dei 10 siste åra, og vi har hatt det høgaste elevtalet på 10 år.

Vi er likevel ikkje heilt nøgde. Fleire elevar bør ha ståkarakter i alle fag. Det er også for mange elevar som sluttar i løpet av skoleåret. Skoleleiing og  tilsette vil saman vurdere og iverksette tiltak for å betre resultata for komande skoleår.

Les meir

Vil du bli lærar ved Sunndal vgs?

Publisert 27. april 2012 09:46:38 av Jan Ove Løken AdministratorVi treng ein lærar i informasjonsteknologi og ein i norsk frå 1. august 2012. Det er ønskeleg med undervisningskompetanse i engelsk, media- og informasjonsbehandling eller elektrofag i tillegg til enten norsk eller informasjonsteknologi.

Du kan søke stillingane i perioden 28.04. - 12.05.2012.

Klikk på annonsen under for å starte søkinga.

Les meir

GRATULERER med 2. og 3. plass i fylkesmeisterskap

Publisert 24. april 2012 19:42:14 av Jan Ove Løken Administrator

Elevar frå Vg2 Helsearbeiderfag ved Sunndal vidaregåande skole tok 2. og 3. plass i fylkesmeisterskapen i helsearbeiderfag.

Flott prestasjon. Vi gratulerer så mykje!!!

Les meir
{literal}