Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

God fullføring ved Sunndal vgs

92% av elevane som starta på Sunndal vgs hausten 2018 har fullført og greidd alle faga ved skoleslutt i juni.

Dette er den høgaste fullføringsgraden skolen har hatt dei siste 40 åra.

26% av elevane er minoritetsspråklege. Også for dei har 92% fullført og greidd skoleåret.

Det er gjort eit imponerande arbeid av elevar og lærarar.

Les meir

Tilbud om skoleplass - korte svarfrister

Viktig informasjon i forbindelse med inntak til videregående opplæring skoleåret 2019/2020

Les meir

Ledige stillingar

Ledige stillingar frå hausten 2019 finn du her

Sunndal vgs har ledige stillingar frå 01.08.2019

Faglærar Byggfag 50%
Faglærar Elektrofag 100%
Reinhaldar 60%
Lærling IKT-servicefag
Lærar i engelsk og spansk til saman 80% vikarstilling

Søknadsfrist 08.04.2019

Ledige stillingar
Les meir

Høgskole- og universitetsutdanning i Sunndal

Sunndal vgs tilbyr høgskole- og universitetsutdanning i Sunndal gjennom Studiesenteret.no

Lenke til studiekatalog 2019/20

Studiesenteret.no AS er eit nasjonalt nettverk for utdanning og livslang læring og organiserer i dag ca 40 studiesentra i 15 fylke. Studiesenteret.no distribuerer studie frå norske utdanningsinstitusjonar til regionar og lokalsamfunn og fungerer som kontaktpunkt mellom utdanningsinstitusjonar og lokalsamfunn.

Største eigar av Studiesenetert.no AS er OsloMet

Les meir

Privatisteksamen

Ein privatist er ein som melder seg til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet. Som privatist får ein ikkje standpunktkarakter i faget.

Portalen PrivatistWeb er open for oppmelding til privatisteksamen fram til 01.02.2019:

Det er ikke mogleg å melde seg opp utanom oppmeldingsperiodane.

 

Du kan lese meir her

Les meir

Stipend frå Lånekassa

Alle elevar med ungdomsrett har rett til utstyrsstipend frå Lånekassa. Du må søke om dette stipendet via Lånekassen sine  nettsider. Du finn meir informasjon her.

Informasjon om andre stipend og lån frå Lånekassa finn du her.

Les meir