Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

Pilotsamarbeid gir nye moglegheiter

Sunndal kommune  og Møre og Romsdal fylkeskommune vil samarbeide om eit pilotprosjekt for å gi vaksne eit tilbod om opplæring ved Sunndal vidaregåande skole. – Målet med prosjektet er å sikre at unge innvandrarar, som har fått opphald, får vidaregåande opplæring. Sjølv om dei ikkje kjem inn under undervisningsretten, seier konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

Les meir her: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Nyheiter/Pilotsamarbeid-gir-nye-moglegheiter

bygget
Les meir

Klage på standpunktkarakterar

Du kan klage på standpunktkarakterane dine.

Les meir her

Les meir

Fagtilbod på utdanningsprogram for studiespesialisering skoleåret 2016/17

Skoleåret 2015/16 er det 46 elevar på Vg3 Studiespesialisering ved Sunndal vgs. 28 av dei tek utdanningsområde realfag og 18 tek utdanningsområde  språk, samfunnsfag og økonomi. Søkjartala for Vg2 Studiespesialisering skoleåret 2016/17 viser 60 primærsøkjarar med ungdomsrett til Vg2 studiespesialisering skoleåret 2016/17. Søkjarane er fordelt  med 19 på utdanningsområde realfag og 41 på utdanningsområde språk, samfunnsfag og økonomi. Det er 34 primærsøkjarar med ungdomsrett til Vg3 studiespesialisering skoleåret 2016/17. Søkjarane er fordelt  med 14 på utdanningsområde realfag og 20 på utdanningsområde språk, samfunnsfag og økonomi.

Slike svingingar i elevtal og i fordelinga mellom dei to utdanningsområda har konsekvensar for finansiering og fagtilbod. 

Programfagtilbodet for elevane på Vg2 skoleåret 2016/17 blir matematikk R1, Kjemi1 og Fysikk1 for realistane og Sosiologi og sosialantropologi, Økonomistyring, Internasjonal engelsk og Medie- og informasjonskunnskap 1 for elevane som tek språk, samfunnsfag og økonomi. I tillegg kan elevane velge eitt programfag frå det andre utdanningsområdet på Vg2, t.d. kan ein realist velje realfag og Internasjonal engelsk.

Programfagtilbodet for søkjarane på Vg3 skoleåret 2016/17 er fordelt  med 14 på utdanningsområde realfag og 20 på utdanningsområde språk, samfunnsfag og økonomi. Programfagtilbodet blir matematikk R2, Kjemi2 og Fysikk2 for realistane og Engelskspråkleg litteratur og kultur, Politikk og menneskerettar, Økonomi og leiing og Medie- og informasjonskunnskap 1 for elevane som tek språk, samfunnsfag og økonomi. I tillegg kan elevane velje eitt programfag frå det andre utdanningsområdet på Vg3, t.d. kan ein realist velge realfag og Media- og informasjonskunnskap 1. Alle søkjarane har fagkombinasjonar som gjer at dei får vitnemål og ønska spesiell studiekompetanse med dette fagtilbodet.

Les meir

Ingen utanlandsreiser skoleåret 2016/17

Sunndal vgs har tradisjon på å ha språkreiser for andreåret på studiespesialisering og reise med Hvite Busser for tredjeåret på studiespesialisering. Reisene har vore finansiert ved at føresettegrupper har gitt skolen pengegåver og ved at skolen har brukt av sitt budsjett. Kostnadene er avhengig av kor mange elever som reiser kvart år. Eit normalår har gåvene frå føresette vore på om lag kr 500.000. Skolen har bidratt med ein tilsvarande sum. I 2016 har ikkje Sunndal vgs budsjett til å bruke 500.000 kroner på slike reiser. Vi har derfor bestemt oss for å ikkje gjennomføre utanlandsreiser skoleåret 2016/17. Elevane vart informert om dette før 1. mars 2016. 

Les meir

God kvalitet ved Sunndal vgs viser ny forskingsrapport

IMG_7374

NTNU har offentleggjort ein forskingsrapport om skolekvalitet i vidaregåande opplæring. Rapporten byggjer på data knytt til elevar som starta i vidaregåande opplæring skoleåret 2008/09 og 2009/2010.
Fullføring på normert tid, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar m.m. er brukt som indikatorar.
Sunndal vgs får 3,5 av maksimalt 6,0 oppnåelege poeng. Landsgjennomsnittet er 3,1 poeng. Av dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal er det berre Herøy vgs og Sunndal vgs som har signifikant betre poengsum enn landsgjennomsnittet.

Les meir

Redusert undervisingstilbod skoleåret 2016/17

Det blir ikkje igangsett undervisning i Vg1 Bygg- og anleggsteknikk, Vg2 Byggteknikk og Vg2 Helsearbeidarfag ved Sunndal vgs hausten 2016. Dette avgjorde Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 31.03.2016. Avgjerda gjeld berre for skoleåret 2016/17.
Grunnlaget for avgjerda er at det var få søkjarar med ungdomsrett som hadde desse utdanningstilboda som sine førsteval då dei søkte vidaregåande opplæring for komande skoleår.
Til Vg1 Bygg- og anleggsteknikk var det 5 primærsøkjarar med ungdomsrett, til Vg2 Byggteknikk 4 og til Vg2 Helsearbeidarfag 3. Søkjarane til desse utdanningstilboda blir kontakta av Utdanningsavdelinga i fylkeskommunen med tilbod om å gjere om på søknadene sine.

Les meir

Ledige stillingar

Sunndal vgs har ledige stillingar som elektrofaglærar, spesialpedagog og vernepleiar frå 01.08.2016. Søknadsfrist 11.04.2016

Lenke til stillingsannonsane

Les meir

Mange lærlingar i Sunndal kommune

"At Sunndal kommune har så mange lærlinger er resultatet av en bevisst politikk fra arbeidsgivers side", seier personalsjef Ildri Solbakk i Sunndal kommune.

Les artikkel frå bladet Yrke her: 

Lenke til bladet Yrke

Sunndallogo
Les meir

Avgangsrevy 2016

Avgangsrevyen "Brua - ein  overkomeleg revy" vart presentert i Sunndal Kulturhus 12. og 13. februar 2016.

IMG_7374

Lenke til bilde frå revyen

Les meir