Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

GOD JUL!

Sunndal vgs ønskjer god jul til alle vi samarbeider med.

Les meir

Hospitering

10. - 13.11.2015 besøker ungdomsskoleelevar Sunndal vgs for å bli betre kjent med utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring.

Velkomne!

Les meir

Møte med føresette 21.09.2015

Føresette til elevar på Vg2 og Vg3 ved Sunndal vgs blir med dette invitert til møte på Sunndal vgs 

Måndag 21.09.2015 klokka 19:00 – 21:00 på rom 107

Les meir

Møte med føresette 16.09.15

Føresette til elevar på 1. årssteg blir invitert til møte på Sunndal vidaregåande skole

onsdag 16.09.2015 klokka 19:00 - 21:00 på rom 107

Rektor, rådgjevar og kontaktlærarar vil vere til stades for å orientere om kva det vil seie å vere elev ved skolen. Det vil bli ei kort orientering om helsetenesten ved skolen og om ordninga med berbare datamaskiner.

 Vi ønskjer også å sette søkjelys på kva heim og skole kan vente av kvarandre.

 Det skal veljast ein representant til skoleutvalet mellom dei føresette til elevane på 1. årssteget.

Etter fellesmøtet blir det klassevise møte med kontaktlærarar.

Les meir

Skoleval 2015

Arbeiderpartiet fekk 42,0% av røystene ved skolevalet på Sunndal vgs. Deretter kom Høgre med 11,0%, Framstegspartiet med 10,2% og Sosialistisk Venstreparti med 9,8%.

274 av skolen sine 296 elevar deltok ved valet. Valdeltakinga var på 92,6%. 19 elevar røysta blankt.

Les meir

Valdebatt 28.08.2015

Valdebatt og valtorg for elevar ved Sunndal vgs på Sunndal Kulturhus.

Les meir

MS Office 365 til alle elevar

Vi spanderer også i år MS Office 365 på alle elevane våre.

Oppskrift for installering av programpakka ligg på Fronter "01 Elevinformasjon"

Les meir

Skoleskyss

Her kan elevar komande skoleår bestille skoleskyssordning

 

Klikk her for å fylle ut skjema for skoleskyss

Les meir

Skolestart august 2015

Første skoledag for elevane skoleåret 2015/16 er måndag 17.08.2015.

Elevane møter ved administrasjonsinngangen klokka 09:00.

Første skoledag blir elevane saman med kontaktlæraren sin.

Det kan vere greit å ta med matpakke, skrivesaker, lånekort til bibliotek(skole- eller folkebibliotek) og noko å ha skolebøkene i.

Vel møtt!

Les meir

PC-ordning for elevar på Vg1

Skuleeigar har ansvaret for å halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Elevane som skal starte på vg1 ved skulane eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune har to val:

1. Ein berbar PC levert frå fylkeskommunen. Maskina vert utlevert ved skulestart

eller

2. Eit eingongstilskott for å halde seg med PC sjølv

Ordningane gjeld ikkje for elevar som tidlegare har fått PC eller tilskott til kjøp av PC. Valet er bindande for heile skuletida.

Meir opplysingar finn du her

Les meir