Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

Holocaustdagen ved Sunndal vgs

Sunndal vidaregåande skole har markert Holocaustdagen sidan FN  i  2005 vedtok at 27.januar skulle vere ein internasjonal minnedag for ofra under den 2.verdskrigen. Tradisjonen tru vart markeringa gjennomført i skolens kantine i dag, 28.januar, der avgangselevane i 3 ST og 3PB bar levande lys og flagg frå dei mange nasjonane som har hatt elevar ved skolen.

Les meir

Godt forhold mellom lærar og elev gir meir læring

"Både internasjonal og nasjonal forskning viser at et godt forhold mellom lærer og elev øker elevenes motivasjon for å lære, og virker tydelig inn på elevenes faglige resultater.

Gode lærer-elev-relasjoner fører til at trivsel blir bedre. Det gjør også opplevelsen av tilhørighet til skolen. Da blir det igjen mindre problematferd."

Dette skriv nettstaden forskning.no i ein artikkel

Les meir

Vask hendene

27% av elevane og 10% av dei tilsette er sjuke. For å motvirke vidare smittespreiing: vask hendene ofte med såpe og lunka vatn!

Les meir

Slik får du pengane for våren

Har du fått stipend for våren 2013? Her er informasjon om kva du må gjere for å få pengane. Hugs at ikkje alle får stipend om våren.

Les meir

VÅREKSAMEN 2013 i den vidaregåande skolen - fristar for oppmelding

Privatistar, lærlingar. Teoriprøva for praksiskandidatar og avviksfag Vg3.
Oppmelding til privatisteksamen i Møre og Romsdal er no berre nettbasert (web). Det er totalt 9 vidaregåande skolar i fylket som gjennomfører eksamen for privatistar. Sunndal vgs er ein av desse skolane.
Fristen for oppmelding til eksamen ved dei vidaregåande skolane våren 2013 er 31.januar 2013

Les meir

Godt nytt år!

Første skoledag for elevane i 2013 er torsdag 03. januar. Vi startar rett på med standard torsdagstimeplan.

Velkomne!

Les meir

Tradisjonell julefrokost siste skoledag før jul

Tilsette stelte i stand frokost for elevar og tilsette. God mat, triveleg lag og fine underhaldningsinnslag.

Bilde ligg her

 

 

 

Les meir

Utdanningsval - ungdomsskoleelevar på besök

Publisert 06. november 2012 13:35:26 av Jan Ove Løken AdministratorSunndal vgs har besøk av ungdomsskoleelevar 06. - 09.11.2012. Dei får prøve åvere elevar ein dag på to ulike utdanningsprogram.

Bilde frå besøket ligg her

Les meir

Lærer i elektrofag

Publisert 10. oktober 2012 11:07:53 av Jan Ove Løken AdministratorSunndal vidaregåande skole treng lærar i elektrofag frå 01.01.2013.

Kva formell utdanning etterspør vi?
Relevant fagbrev og teknisk fagskole,  relevant ingeniørutdanning eller anna høgskole-/universitetsutdanning innan elektrofag
Pedagogisk utdanning, eventuelt vilje til å ta pedagogisk utdanning innan rimeleg tid i kombinasjon med lærarstilling
Kva for andre kompetansekrav ?
Vi søkjer personar som
- har gode faglege kvalifikasjonar
- vil vere med å vidareføre skolen si praksisretting av fagutdanninga
- ser verdien av individuell fagleg og personleg rettleiing av elevane
- ønskjer å vere med å vidareutvikle skolen si rolle i lokalsamfunnet
- kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig og i team
- har god evne til samarbeid med tilsette og elevar

Du kan søker her frå og med 11.10.2012

Les meir

Føresette har tilgang til skolen sine opplysingar om eigne barn

Publisert 02. september 2011 11:52:08 av Jan Ove Løken AdministratorFøresette til elevar på Sunndal vgs kan lese opplysingar om eigne barn i skolen sitt datasystem via internett.

denne nettstaden kan føresette registrere seg og søke om tilgang til skolen sine opplysingar.

Her er ei lenke til ein enkel intruksjonsvideo for korleis du kan søke.

(Hugs at skoleeigar er Møre og Romsdal fylkeskommune)

Kontaktlærar svarer på søknaden per e-post.

Brukarrettleinga for generell del og for fråvær ligg her:

Foreseatte SkoleArena

Foreseatte SkoleArena.pdf 570,42 kB

Brukarrettleinga for generell del og for vurdering ligg her:

Vurdering foresatt

Vurdering foresatt.pdf 453,37 kB

Les meir
{literal}