Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter > Hydro Sunndal - Bedriftsbesøk for rektorar og leiinga på Utdanningsavdelinga

Hydro Sunndal - Bedriftsbesøk for rektorar og leiinga på Utdanningsavdelinga

28.06.2017 fekk Hydro Sunndal besøk av rektorar ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune og leiinga ved Utdanningsavdelinga Hydro Sunndal. Hydro Sunndal er Møre og Romsdals største lærebedrift.

Fabrikksjef Eivind Mikalsen orienterte om Hydro Sunndal sine utfordringar og framdriftsplaner. Deretter fekk vi ei omvising med gode orienteringar om dei tre einingane i aluminiumsproduksjonen på Sunndaløra: Elektrolysefabrikken, Karbonfabrikken og Støperiet.  Leiinga på dei ulike einingane, tilsette, tillitsvalde og lærlingar fortalde om arbeidsoppgåver og bedriftskultur.

Bedriftsbesøk

 Foto: Eivind Torvik

Fabrikken, fokuset  på HMS, den høge fagbrevsandelen (over 90%), evnen til omstilling i organisasjonen og positiviteten for framtida med tanke på nye investeringar, var imponerande. Stolte tilsette viste høge kunnskapar, operatørane har spanande og delegerte oppgåver,  vedlikehaldet (t.d. kranverkstaden) og forbetringsarbeidet var godt organisert.

Vi gav tilbakemeldingar til bedrifta  at vi er svært godt fornøyde med at Hydro Sunndal kvart år tek inn flest lærlingar i Møre og Romsdal fylke og dermed tek eit viktig samfunnsansvar.

Bedrifta utfordra oss i forhold til deira aukande kompetansebehov framover og vi ser frem til  vidare dialog og samarbeid om dette temaet.

Takk til Hydro Sunndal!

Comments