Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter > Kva bidreg skolen med til elevane si læring?

Kva bidreg skolen med til elevane si læring?

I dag har Utdanningsdirektoratet offentleggjort ein rapport om skolebidragsindikatorar i vidaregåande skole. Rapporten tek for seg indikatorar på skolane sine bidrag til fullføring, gjennomføring og gjennomsnittskarakterar for skoleåret 2014-15, og for kullet som starta i vidaregåande skole hausten 2012.

Talmaterialet som blir presentert i rapporten er meint å vere mål på skolen sitt bidrag til elevane sine resultat. Bidraget er, i så stor grad som mogleg, reindyrka ved at det er tatt omsyn til grunnlaget elevane hadde på dei starta i vidaregåande skole. Det er m.a. tatt omsyn til karakterar frå ungdomsskolen, bortebuarar, innvandringsstatus og  foreldre sitt utdanningsnivå, for å finne skolen sitt bidrag.

I rapporten blir skoleårsindikatorane sett på som den mest aktuelle, relevante, forståelege og korrekte indikatoren.

For Sunndal vgs viser skoleårsindikatorane følgande:

Sunndal vgs sitt bidrag til forventa fullføring på studieførebuande er 12,4 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 60,5 prosent. Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 72,9 prosent på Sunndal vgs. Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på studieførebuande er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få studieførebuande elevar til å fullføre og bestå. (Resultatet er signifikant betre enn landsgjennomsnittet, men det er knytt noko usikkerheit til om resultatet er betre enn landssnittet  då forskjellen er signifikant, men på 20%-nivå)

Sunndal vgs sitt bidrag til forventa fullføring på yrkesfag er 9,8 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 52,8 prosent. Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 62,6 prosent på Sunndal vgs. Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på yrkesfag er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få yrkesfaglege elevar til å fullføre og bestå. (Resultatet er signifikant betre enn landsgjennomsnittet, men det er knytt litt usikkerheit til om resultatet er betre enn landssnittet  då forskjellen er signifikant, men på 10%-nivå)

Sunndal vgs sitt bidrag til forventa fullføring på påbygging til generell studiekompetanse er 19,3 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 71,4 prosent. Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 90,7 prosent på Sunndal vgs. Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på påbygging til generell studiekompetanse er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få påbyggingselevar til å fullføre og bestå. (Resultatet er signifikant betre enn landsgjennomsnittet, og det er knytt stor sikkerheit til at resultatet er betre enn landssnittet  då forskjellen er signifikant på 1%-nivå)

Når det gjeld karakterane er det små forskjellar mellom tala for landet og for Sunndal vgs. (+0,1 for studiespesialisering, + 0,2 for yrkesfag og – 0,2 for påbygging). Vi kan ikkje seie at tala for studieførebuande og påbygging avvik frå landssnittet, medan det er noko usikkert på om talet for yrkesfag er betre enn landssnittet då forskjellen er signifikant, men på 20%-nivå.

Rapporten «Skolebidragsindikatorer i videregående skole» vil bli brukt saman med m.a. Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kvalitetssystem «Hjernen og hjertet» for å gi eit godt fagleg grunnlag for vidareutvikling av Sunndal vgs.

 

Sunndal vgs måler m.a. kor stor del av
elevane som fullfører og består kvart enkelt skoleår. Skoleåret 2014/15 var det 87,5% som fullførte og greidde skoleåret, i 2015/16 var talet 85,9% (lands-gjennomsnittet var 81,6%). Over dei komande tre skoleåra ønskjer Sunndal vidaregåande skole å auke talet slik at minst 90% av elevane som startar på skolen hausten 2019, fullfører og består skoleåret.