Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter > Skolestart ved Sunndal vidaregåande skole

Skolestart ved Sunndal vidaregåande skole

Mandag 17. august, kl.9.00, startar vi opp det nye skoleåret ved Sunndal vidaregåande skole.

Alle elevar møter på skoleplassen foran skolen. Her vil rektor og alle lærarar også møte.

Etter ei kort

orientering, der ein m.a vil informere om dei smittevernreglane som gjeld for skolen, vil rektor rope

opp namnet på den enkelte elev, før kontaktlærar tar med klassen til klasserommet.

Første skoledag deler vi og ut lærebøker. Som elev bør du ha med deg skrivesaker og sekk/evt. liten

hengelås til bokskapet ditt. Har du vore elev siste skoleår, må du og hugse å ta med deg lånekortet ditt.

Elevar som kjem frå Sunndal ungdomsskole skal bruke dei lånekorta dei har frå før.

Informasjon om skoleskyss og stipendordningar finn du under desse lenkene. NB! Dersom du skal

bruke buss til skolen, må du registrere deg her. Du skal bruke det busskortet du har frå før. Viss du

treng nytt busskort, må du betale kr.100. Ekspedisjonen bestiller nytt kort ved framvising av kvittering

for betalt avgift.

Skolen vil til ei kvar tid følgje opp dei smittevernreglane som helsestyresmaktene har. Først og fremst

betyr det at ein må vere svært nøye med handvask, og å halde avstand til andre. Dersom du er sjuk

eller har symptom på sjukdom, skal du ikkje møte på skolen. Ta kontakt med skolen om det skjer, slik

at vi veit at du skal ha skoleplassen din.

Første skoledag varer fram til kl. 14.30

Velkommen til nytt skoleår! Vi gler oss til å møte deg!

Her kan du søke om skoleskyss
Lånekassen

{literal}