Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter > Sunndal vidaregåande skole er 'stengt'

Kontaktpersonar

Egil Ruud
Rektor
71 28 43 02 / Mob. 413 22 349
Send e-post

Sunndal vidaregåande skole er 'stengt'

Som eit førebyggande tiltak mot spreiing av koronaviruset, er Sunndal vidaregåande skole «stengt» frå i morgon (fredag 13.2.20) og dei neste to vekene. 

Elevane vil få tilrettelagt undervisninga si heime gjennom digitale læringsplattformer som It’s learning og Teams. Vi forventar at elevane gjer skolearbeid i eit omfang som tilsvarar det dei gjer på normale skoledagar.

Lærarane vil ha heimekontor, men kjem til å vere tilgjenglege på telefon og gjennom «chattefunksjonar» til oppsette tider.

Planar for læringsarbeidet dei neste to vekene vil bli lagt ut i løpet av morgondagen.

Elevar og tilsette skal elles følgje dei retningslinjene som er gitt av sentrale helsemyndigheiter. Det vil mellom anna seie at dei held avstand til andre (ikkje delta på arrangement/samlingar), og elles er nøye med personleg hygiene.

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med skolen på tlf. nummer 71284300.

{literal}