Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter > Viktig informasjon til foreldre og føresette

Kontaktpersonar

Egil Ruud
Rektor
71 28 43 02 / Mob. 413 22 349
Send e-post

Viktig informasjon til foreldre og føresette

Sunndal vgs. har no køyrd fjernundervisning i tre heile dagar. Tilbakemeldingane frå lærarane er at dette har gått over all forventning. 

Elevane kan ta kontakt med lærarane når dei har spørsmål i eit fag. Enten når dei er tilgjengeleg i følge timeplana eller via e-post/sms. 

Dei aller fleste elevane er med og utfører oppgavene dei er pålagt. Lærarne melder og at elevane er displinerte og svært kreative i å finne nye digitale løysingar når «It’s learning» i periodar ikkje heilt fungerer som det burde. Det er svært bra. All honnør til ungdommen for det.

Slik har skolen planlagt undervisninga denne veka:

Lærarane følgjer  "vanleg timeplan". Det betyr at dei legg ut arbeid i dei faga som står på normaltimeplana kvar dag. Dei prøver og  å tilpasse arbeidsmengda etter kor mange timar faget er sett opp pr.dag. Dessverre kan ikkje alle lærarar vere tilgjengelege kvar time og kvar dag etter timane på timeplana, fordi fleire av dei har små barn dei må ta seg av når barehagar og grunnskolar og er stengt. Vi bestemte derfor at alle skulle skrive tydeleg på vekeplana når dei kan kontaktast. Elevane må derfor tilpasse arbeidet i dei enkelte fag etter når lærarane er tilgjengeleg, i tilfelle dei har spørsmål om faget. Elles kan elevane organisere arbeidet slik dei vil, så lenge dei held fristane for når arbeidet skal vere gjort. Det går også an å sende epost/SMS og avvente  svar litt seinare på dagen.

Viktig å gjere heimearbeid kvar dag

Skolen har likevel nokre bekymringar når det gjeld eit fåtal elevar, som ein ikkje heilt får kontakt med så ofte ein vil.

Derfor ei sterk oppfordring til foreldre og føresette: Det er svært viktig at elevane gjer heimearbeid kvar dag og følgjer opp det arbeidet lærane sender ut. Vi ber derfor om at foreldre hjelper ungdommane i huset til å strukturerer arbeidsdagen sin på ein god måte.  Vi forventar at ungdommane kjem seg opp om morgonen, og at dei jobbar med fag tilsvarande ein skoledag. Ingen har fri frå skolearbeidet, med mindre dei er sjuke. Da gjeld det å varsle kontaktlærar om det.

Ingen veit kor lenge denne situasjonen varer. Lærarane skal, så lenge dette varer, sikre at dei kan sette standpunktkarakterar i alle fag, slik at elevane kan få fullverdige vitnemål til sommaren. Det krev at alle følgjer opp dei vurderingane som skal gjerast. Styresmaktene har og varsla at det kan bli aktuelt å ta inn att vg2 og vg3 elevane, for å førebu eksamen, men dette er førebels ikkje avgjort.

I slutten av veka sender alle lærarane inn statusrapport om korleis undervisningsopplegga har fungert denne veka. Leiinga vil da, i samarbeide med lærarane, forsøke å justere dei opplegga som ikkje går slik dei var tenkt.

Fjernundervisninga er ein nasjonal dugnad i alle skolar i heile landet, der siktemålet er å stanse smittespreiing.  Vi forventar at alle gjer det dei kan for at vi skal lykkast med dette, samtidig som vi sikrar at elevane skal få fullført utdanninga si dette skoleåret. Ta gjerne kontakt med skolen om du har spørsmål omkring dette.