Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Om skolen

Om skolen

Sunndal vidaregåande skole gir vidaregåande opplæring i studieførebuande fag og fleire yrkesfag. I tillegg dekkjer vi lokale behov for anna opplæring gjennom skolens ressurssenter.

Skolen er lokalisert på Sunndalsøra i Sunndal kommune saman med kunstgrasbane, idrettshall, svømmehall, Sunndal ungdomsskole og Sande skole, om lag 2 km i retning Oppdal frå rundkjøringa i Sunndalsøra sentrum.Det er skilta med "Skole og idrettsanlegg" frå riksveg 70.

Sunndal vidaregåande skole er sertifisert som Miljøfyrtårn

Miljofyrtarn_logo_medium

Veret i Sunndal i dag

Skoleåret 2016/17 - 70 år med skole og 40 år med revy

Bakgrunn for at Sunndal vidaregåande skole vart starta, ligg i samfunnet sine behov for fagfolk i gjenreisingsarbeidet etter 2. verdskrig.

I planarbeida før oppstart går det fram at ein først prøvde å starte Sunndal Arbeidsskole som skulle gi ei innføring i fleire handverks- og husflidsfaglege område, men med oppstart i metall- og trearbeidsfag.

Leif Sande var den sentrale personen i planlegging, oppstart og drift av skolen som fekk namnet Sunndal yrkesskole. Sande var utdanna handverkslærar ved Statens Småbrukslærarskole i Asker og var tilsett som handverkslærar ved Holt landbruksskole i Aust-Agder. Sande var rektor ved det som starta som Sunndal yrkesskole i 40 år og leia utviklinga av skolen til etter kvart å omfatte åtte fagområde og 522 elevar på det meste i 1975.

Skoleåret 2016/17 har skolen sju tilsvarande fagområde (formgivingsfag er ikkje med lenger) og 297 elevar. Men vi fyller framleis store delar av Sunndalssamfunnet sitt behov for fagfolk innan vidaregåande opplæring i skole. Samtidig gir vi grunnlag for høgare utdanning, ja på enkelte område har vi også høgare utdanning. I år er det nesten 60 studentar ved skolen vår.

Skolen har hatt fleire namn opp gjennom åra: Sunndal Yrkesskole, Nordmøre Yrkesskole med ei stegvis utviding av fagtilboda. Hausten 1973 starta dei første gymnaselevane ved skolen og frå 1976 skifta skolen namn til Sunndal vgs. Inneverande skoleår er år nr 70.

Med gymnaselevane vart revytradisjonen vår skapt. Avgangsrevyen var eit alternativ til den tradisjonelle russefeiringa som mange andre vidaregåande skolar hadde. Første revy, Skabbare  (har du lus har du lov. Det er så morsomt at det klør) kom i 1976.  I år set elevane opp avgangsrevy nr 40. Det er litt av ein tradisjon som vart starta i 1976!

Kontaktpersonar

Jan Ove Løken Jan Ove Løken
Rektor
71 28 43 01 /
Mob. 481 10 482
Send e-post