Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Om skolen > Gruppeorganisering

Gruppeorganisering

Mål:
 Ta i bruk handlingsrommet som er skapt gjennom endringane i § 8-2 i Opplæringslova for å få:
 
 Betre tilpassa opplæring for alle
 Auka læringsutbytte og trivsel
 Meir tid til den enkelte elev
 Effektiv og fleksibel utnytting av lærarressursane
 Betring av lærarane sitt arbeidsmiljø

Utarbeiding av prosjektet

Elevar og tilsette har tatt del i utarbeiding av målsetting, problemstilling, prioritering av område og konkretisering av prosjektet skoleåret 2003/04.I tillegg har elevar og tilsette tatt del i evalueringa av prosjektet våren 2005, 2006, 2007, 2010, 2014 og 2015.

Problemstilling:
  Korleis ynskjer vi at Sunndal vidaregåande skole skal vere i framtida ut frå
  1) Skolen si rolle som utdanningsinstitusjon i lokalsamfunnet?
 2) Skolen si pedagogiske utvikling?

Følgjande område vart prioritert :

Elevane sitt oppmøte til læringsarbeidet
  Praksisretting av læringsarbeidet
  Planer for læringsarbeidet
  Bruk av arbeidstimar og rettleiingstimar
  Elevdeltaking
  Elevvurdering
  Det fysiske miljøet
 Orden i skolen

Synspunkt frå elevar og tilsette er henta inn på kva som bør gjerast innanfor dei prioriterte områda.

Prosjektet er konkretisert slik det går fram av dette dokumentet . Konkretiseringa er samrøystes vedteken i prosjektgruppa 18.05.2004. Prosjektet er justert etter evalueringar våren 2005, 2006,  2007 og 2015.

Basisgrupper

Inndeling i basisgrupper

Elevar frå same undervisningsgruppe (tidlegare klasse) blir delt inn i basisgrupper på om lag 15 elevar. Kvar basisgruppe har ein kontaktlærar.

Oppgåver for basisgruppa

Basisgruppa har i hovudsak ein sosialpedagogisk funksjon. I tillegg skal gruppa arbeide med planlegging av elevane si arbeidsveke. Jfr vedlegg 1

Alle basisgruppene har eit møte 1. time måndags morgon.

Kontaktlærar

Kvar kontaktlærar har ansvar for ei elevgruppe på om lag 15 personar. Kontaktlærar skal gje elevane personleg oppfølging sosialt og skolefagleg.

Kontaktlærar skal mellom anna:
  Ha god kontakt med kvar enkelt elev
  Følgje opp eleven si sosiale utvikling
  Gi eleven råd i sosiale spørsmål
  Gi eleven råd med omsyn til planlegging av skolefagleg arbeid
  Ha oversikt over kvar enkelt elev sitt frammøte
  Følgje opp eleven si faglege utvikling
  Ha god kontakt med faglærarane til eleven
  Kjenne eleven sin status i alle fag
  Ha kontakt med føresette til umyndige elevar
 Ha god kontakt med rådgjevar og avdelingsleiar

Avdelingsleiar er kontaktlærar sin næraste overordna.

Team

Kontaktlærarar for elevar frå same undervisningsgruppe utgjer eit team for gruppa. Det blir sett av tid til samarbeid 9. time kvar torsdag for kvart team. Leiinga av teamet går på omgang mellom kontaktlærarane i teamet.

Organisering av veka

Skoleveka inneheld 40 undervisningstimar à 45 minutt. Fem av desse undervisningstimane blir brukt fast til ulike møte for tilsette.

Elevane si skoleveke blir teknisk sett normalt lagt over 40 undervisningstimar à 45 minutt, men slik at store delar  av undervisningstida er organisert i læringsøkter på minst 90 minutt.

Skoledagen startar klokka 08.00 kvar dag. Elevane har ikkje undervisning 5. time onsdagar. 8. time blir unntaksvis brukt til undervisning. Det blir 10 - 15 minutt friminutt mellom læringssøktene. Frukostpause 15 minutt mellom 1. og 2. time. Lunsjpause 30 minutt mellom 4. og 5. time.

Undervisning blir i hovudsak lagt i blokker på minst 80 minutt.

Aktivitet Time Klokkeslett
Læringsøkt nr. I 1. time 08.00 - 08.45
Frokost   08.45 - 09.00
Læringsøkt nr. II 2. + 3. time 09:00 - 10:40
Friminutt   10.40 - 10.50
Læringsøkt nr. III 4. time 10.50 - 11.35
Matpause   11.35 - 12.05
Læringsøkt nr. IV 5. og 6. time 12.05 - 13.45
Friminutt   13.45 - 13.50
Læringsøkt nr. V 7. + 8. time 13.50 - 15:25
     
     

Alle basisgrupper har eit møte 1. time måndags morgon. For skoleveker som startar på tysdagar, blir det basisgruppemøte 08.00 - 08.45 på tysdag. Undervisning etter timeplanen frå klokka 09:00

For veker som startar seinare enn tysdag, blir det normalt undervisning ut frå ordinær timeplan.

Vekeplan

Lærarane lagar gruppevis vekeplan for elevane sitt arbeid.

Felles mal for vekeplan skal brukast av alle og leggast inn på skolen sitt datasystem. Eigen mal for kvar gruppe kan tilpassast innanfor fellesmalen.

Elevane får tilgang til vekeplanen måndags morgon.

Elevane i kvar basisgruppe bruker vekeplanen som grunnlag for å planleggje eige arbeid i "holtimar" og heime.

Oppfølging og evaluering

Avdelingsleiarane vil i utstrakt grad vere med på møta i kontaktlærarteama, på basisgruppemøta og i arbeidstimane.

Jan Ove Løken
 rektor

Vedlegg 1

Basisgruppemøta
  På desse møta bør følgjande vere tema:
  Korleis var oppmøtet til læringsarbeidet sist veke?
  Informasjon om kva som skjer på skolen denne veka
  Korleis gjekk arbeidet sist veke?
  Gjennomgang av plan for klassen for denne veka.
  Planlegging av kva som skal gjerast i arbeidstimane
  Planlegging av kva som skal gjerast i "holtimar" på timeplanen.
  Planlegging av kva som skal gjerast heime.
  Elevrådssaker
  Har det skjedd noko spesielt i helga?
  Skjedde det noko spesielt sist veke?
  Korleis har kvar enkelt elev det?
  Korleis fungerer kvar enkelt elev i basisgruppa?
  Korleis fungerer kvar enkelt elev i klassen?
 Korleis fungerer gruppa samla?