Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Om skolen > Skolebrosjyre

Skolebrosjyre

Skolebrosjyre 2018/19

 
 
Gjennom dette skoleåret skal vi:
 
utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn og hjelpe elevane i deira personlege utvikling
utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten
fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar
 leggje eit grunnlag for vidare utdanning og livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket
tilpasse opplæringa til evnene og føresetnadane hjå den enkelte eleven
skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv”
hindre at elevar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord og handlingar
 
300 elevar og 50 tilsette skal saman sørgje for at vi arbeider i rett retning mot desse måla.
Utfordringa til deg er at du gjer din del av dette arbeidet.
Tek du utfordringa?
 
Jan Ove Løken
rektor
 
NYTTIG Å VITE
 
 
LÅN/STIPEND
Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassa. Du får stipendet same kor mykje dine føresette tener. Hugs at du må søke for å få stipendet. Når du søker, sjekkar Lånekassa automatisk om du har rett til andre stipend. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til andre stipend.
Søk om stipend frå www.lanekassen.no når du har fått opptak.
Les meir om stipend og lån i Lånekassen på www.lanekassen.no, og sjekk lånekassa si  Facebookside for deg i vidaregåande, www.facebook.com/lanekassen.vgs
 
BIBLIOTEKET
Vi er ein av dei heldige skolane som har et godt skolebibliotek med hovudsakleg ny og aktuell oppslagslitteratur, skjønn- og faglitteratur, og med mange abonnement på tidsskrift og aviser. Biblioteket er eit tilbod til alle elevar og tilsette ved skolen. Det er derfor viktig at dei reglane som gjelder for ro og orden og bruk av biblioteket, blir haldne.
 
På biblioteket er det plass for lekse- og fritidslesing, og det blir funne fram stoff til stilar og prosjektoppgåver. Her er også ein lesesal med krav om fullstendig ro. Biblioteket har katalogar over bøker og tidsskriftartiklar. Lærebøker låner du på biblioteket. Dei fleste andre bøkene kan lånast ut. I tillegg kan du låne bøker for lesing på nettbrett og datamaskin. Lånekort får du på biblioteket. Utlånstida er 4 veker på papirbøker.
ELEVAKTIVITETAR
Med utgangspunkt i generell del av læreplanen og læreplanen for kroppsøving, vil skolen arrangere aktivitetsopplegg innanfor temaet friluftsliv.
 
Skolerevyen med premiere i januar/februar er ein tradisjon som vi håpar elevane vil føre vidare.
 
"Operasjon Dagsverk" (OD) er også ei årviss hending der elevane gir ein dags arbeid i solidaritet med ungdom i andre land. Inntekta går til humanitære formål. I tilknyting til OD vil det også bli arrangert temaopplegg om internasjonale spørsmål.
 
Ønskjer du å bruke skolen på kveldstid? Om mange nok elever har same ønske, vil vi prøve å gi dykk eit tilbod!
 
BRANNINSTRUKS
Elevane har plikt til å gjere seg kjent med branninstruksen som er oppslått på alle undervisningsrom.
 
Når brannalarmen går, skal alle rom tømast. Rømmingsvegar frå de ulike romma er vist på oppslåtte rømmingsplanar i gangane.
 
Ved evt. falsk alarm skal ekspedisjonen varslast straks.
 
 
HELSE, MILJØ OG SIKKERHEIT (HMS)
Tillitselev i gruppa er også elevverneombod. Elevverneombodet skal saman med kontaktlærar og skolen sine verneleiarar arbeide for eit best mogleg fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. Dette kan m.a.  skje gjennom kartlegging av arbeidsmiljøfaktorar, avviksrapportering og planlegging av tiltak. Kontaktlærar vil gi meir informasjon om skolen sitt HMS-arbeid.
 
 
KORT OM SKOLENS ORGAN
Kunnskapsdepartementet er skolens øvste organ på statleg plan. Det er departementet som m.a.  har ansvaret for å fastlegge læreplanar (både den generelle delen og læreplanane for dei enkelte faga). Departementet gir også regler for eksamen, karakterar og vitnemål.
 
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som eig Sunndal vidaregåande skole og dei 22 andre vidaregåande skolane i fylket. Utdanningsutvalet er felles styre for alle dei vidaregåande skolane. Utdanningsavdelinga er sekretariat for utdanningsutvalet. Utdanningsavdelinga held til på fylkeshuset i Molde. Avdelinga blir leia av fylkesutdanningssjefen.
 
Det er utdanningsutvalet (med endelig vedtak i fylkestinget) som m.a. avgjer kva studietilbod og økonomiske rammer den enkelte vidaregåande skole skal ha.
 
Opplæringslova bestemmer at kvar skole skal ha eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen, samt to elevrepresentantar.
Skoleutvalet gir m.a. tilrådingar om skolen sitt reglement, og elles om ting som har med undervisinga og drifta av skolen å gjere.
 
Kvar klasse  vel sin tillitselev og varatillitselev. Valet gjeld for eitt skoleår, men det er mogleg med utskifting dersom klassen ønskjer det. Det er særleg viktig å finne fram til dei personane som på best mogleg  måte kan ivareta klassen sine interesser. Tillitselevane utgjer til saman  elevrådet som m.a. skal arbeide for læringsmiljø, arbeidsforhold og elevane sine velferdsinteresser. Det blir vald eit elevrådsstyre på 5 medlemmer. Styret har faste møte med skoleleiinga.
 
Skolemiljøutvalet er samansett av elevrepresentantar, tilsette og skoleleiing. Utvalet skal ivareta elevane sitt samla skolemiljø. Arbeidsmiljøutvalet ivaretar dei tilsette sitt arbeidsmiljø.
 
 
EKSTRA STUDIETID
Grupper som ønskjer ekstra studietid  tar dette opp med kontaktlærar, som så igjen tar dette opp med dei aktuelle faglærarane, evt. i gruppelærarmøte (med elevrepresentant til stades). Opplegget for ekstra studietid blir lagt inn i den ordinære skoledagen (frå 1 time til ein hel skoledag). Studietida skal leggast  til skolen. Opplegget vil gi rom for:
 
 
 
RÅDGIVINGSTENESTEN
Sentrale personer i skolens rådgivingsteneste er rådgivar og OT-koordinator
 
Rådgivar gir elevane rettleiing og råd i samband med val av linjer og fag, yrkesval, vidare utdanning og personlege/sosiale problem. Rådgivar samarbeider med PP-teneste, skolehelseteneste, NAV og oppfølgingstenesten.
 
OT-koordinator gir rettleiing og råd til ungdom som  ikkje søker skoleplass, som ikkje tar mot skoleplass, eller som slutter på skolen eller som lærling i løpet av opplæringstida. OT-koordinator samarbeider med rådgivar, PP-teneste, skolehelseteneste, NAV og opplæringskontor.
 
SKOLELEIINGA OG ANDRE MED SPESIELLE FUNKSJONAR
Rektor Jan Ove Løken er skolen sin pedagogiske og administrative leiar. Rektor har
m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Overordna personalansvar, økonomi, informasjon, verksemdsplanar, sekretær skoleutval. Ansvar for ressurssenterverksemda
Assisterande rektor Egil Ruud har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Arbeidsfordeling for personalet. Elevinntak.  Spesialundervising. Avdelingsleiing for helse og oppvekstfag og for bygg- og anleggsteknikk.
Avdelingsleiar Edel Hoem har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Eksamen. Avdelingsleiing for delar av studiespesialisering. Revy.
Avdelingsleiar Linn Rødseth har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Avdelingsleiing for deler av studiespesialisering. Helse, miljø og sikkerheit (HMS). Elevrådskontakt.
Avdelingsleiar Marit Ødegaard  har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Ansvar for skolen sin rådgivingsteneste. Avdelingsleiing for teknikk og industriell produksjon og for elektrofag.
 
Konsulent Silje Alise Ness har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Skolens administrasjonssystem, lønn, ekspedisjon og sentralbord
 
Konsulent Marina Higraff har m.a. følgjande arbeidsoppgåver: Rekneskap og økonomistyring, innkjøp, skoleskyss, lånekassa, ekspedisjon og sentralbord
 
Bibliotekar Anne Grethe Kjelstad har ansvaret for drift av biblioteket.
Husassistent Astrid Ingunn Sæther har også base på biblioteket.
 
IKT-systemansvarleg Erik Sæther har ansvaret for drift, vedlikehald og rettleiing når det gjeld skolen sitt IKT-utstyr. Sindre Hagen Strømsvåg er lærling i IKT-servicefag.
 
Vaktmeistrane Magnar Kristiansen og Styrk Valsø har ansvaret for drift og  vedlikehald av inventar, bygningar og uteanlegg.
 
Skolen har fire reinhaldarar. Solveig Rudi,  Anne Jorunn Tøftvang, Sølvi Ness og  Phatcharaphon Wongraksa.
 
Vernepleiar er Torun Brakstad Cappelen.
 
Grethe Lekven og Merethe Gjersvoll er elevassistentar
                                              
Skolehelsetenesten har skolelege, helsesøster, jordmor, familierådgivar og fysioterapeut. Helsestasjon for ungdom  og  PP-tenesten har fast kontortid på skolen.
Nærare orientering om dei ulike ordningane blir gitt av rådgivar.
 
Kantina blir driven av Johansen Bakeri AS.  Kantina er open frå kl 08.45 - 13.00.
 
 
UNDERVISINGSPERSONALET
Anders P. Børset
-
bygg- og anleggsteknikk
Andre Vebenstad
-
teknikk og industriell   produksjon
Andreas Outzen
-
engelsk, samfunnsfag
Ane Marthe Tjugum
-
norsk, engelsk
 
Ane Sæther
-
spansk
Berit Rolandsen
-
matematikk, naturfag,   juss
Bjarne Volden
-
kroppsøving
Brede Sollid Brandal
-
elektrofag
Brit Mellemseter Nes
-
fysikk, matematikk,   naturfag
Christina Betten
-
norsk, media, samfunnsfag
Daniel Botnvik
-
elektrofag
Edel Hoem
-
norsk, historie, samfunnsfag
Egil Ruud
-
norsk, historie
Erling Outzen
-
engelsk, historie,   samfunnsfag
Fridtjof Glomm
-
teknikk og industriell   produksjon
Gudrun Evjenth
-
helse- og oppvekstfag,   norsk
Gunnar Bråten
-
økonomiske fag, historie,   psykologi, matematikk
Ingunn Haugen
-
helse- og oppvekstfag
Jan Ove Løken
-
biologi, kjemi,   matematikk, naturfag
Jarl Gravem
-
bygg- og anleggsteknikk
John Atle Henriksen
-
teknikk og industriell   produksjon
Jon Birger Moen
-
teknikk og industriell   produksjon
Jon Iver Breen
-
bygg- og anleggsteknikk
Knut Harald Drøpping
-
fysikk, matematikk,   naturfag
Kristin Tønnessen
-
engelsk, teknikk og   industriell produksjon, matematikk
Linn Rødseth
-
kjemi, matematikk,   naturfag
Marianne Skrede Evensen
-
norsk, samfunnsfag
Marianne Stubø
-
norsk, engelsk
Marit Ødegaard
-
helse- og oppvekstfag
Monica Holten
-
helse- og oppvekstfag
Oddvar Stokkereit
-
tysk
Ola Haug Gautneb
-
spansk
Ole André Saue
-
matematikk, religion
Per Martin Holm
-
teknikk og industriell   produksjon, kjemi, matematikk
Petter Erik Innvik
-
engelsk, historie,   samfunnsfag
Ragnhild Hoseth
-
helse- og oppvekstfag
Signe Watten
-
kroppsøving, samfunnsfag
Sigrid Lillebråten
-
norsk, spansk
Steffen Storli
-
elektrofag
Stig Warvik
-
samfunnsfag, historie,   engelsk
Tor Ålbu
-
biologi, kjemi,   matematikk, naturfag
Torstein Løvaas
-
bygg- og anleggsteknikk
Torun Brakstad Cappelen
-             
helse og oppvekstfag
Una Ødegaard
-
norsk, religion, historie
Vanja Rødseth
-
helse- og oppvekstfag
 
OM ELEVVURDERING OG FRÅVÆR
Karakterar i fag skal gi uttrykk for i kva grad du har nådd måla i dei fagspesifikke læreplanane. Det er derfor viktig at du gjer deg kjent med læreplanane i  faga du har.
 
Karakterane 5 og 6 gir uttrykk for over middels grad av måloppnåing, 4 og 3 for middels grad, 2 og 1 for under middels grad. Karakteren 2 er nedre grense for bestått.
 
Ved fastsetting av standpunktkarakterar skal det leggast mest vekt på resultatet frå siste del av utdanninga. Vidare skal halvårskarakterane fastsettast på grunnlag av vurdering i løpet av heile halvåret. Karakterar skal ikkje berre fastsettast på grunnlag av skriftlige prøver.
 
Karakteren i orden  settast etter ein tredelt skala: God, Nokså god, Lite god.
 
Karakteren i åtferd  settast etter ein tredelt skala: God, Nokså god, Lite god.
 
I tillegg til vurdering med karakterar har du som elev også krav på systematisk rettleiing og vurdering. Dette skjer m.a. gjennom  individuelle samtalar med kontaktlærar to gongar pr. skoleår og faglærar si halvårsvurdering utan karakter.
 
Dersom det er fare for nedsett karakter i orden, i åtferd, eller det er fare for at du ikkje kan få halvårskarakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag på grunn av stort fråvær eller andre særlege grunnar, skal du (og føresette dersom du er umyndig) motta skriftleg varsel så snart slik fare føreligg. Elles pliktar du som elev heile tida å halde deg orientert om fråværet ditt og di faglege utvikling og om utviklinga di i orden og åtferd i løpet av skoleåret.
 
I særlige tilfelle kan ein elev få fritak for fag. Søknad bør sendast til rektor innan 1.september. Dokumentasjon må leggast ved.
 
Elevar kan søke om reduksjon av fråvær på grunn av helse- og velferdsgrunner. Søknad må leverast til kontaktlærer fortløpande.
 
Elevar som søker lærlingeplass i bedrift, vil bli formidla på grunnlag av karakterar i fag, i orden og i åtferd oppnådd i 1. halvår. Registrert fråvær i 1. halvår vil også bli gjort kjent for lærebedriftene.
 
Etter fullført vg1 (1. år) eller vg2 (2. år) blir det gitt kompetansebevis. Delkurselevar vil også få kompetansebevis som dokumentasjon. Etter fullført og bestått 3-årig opplæring blir det gitt  vitnemål.
 
Elevar kan berre klage på eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Klagefristen er 10 dagar.
 
Elevar som ut frå ein sakkunnig uttale kan dokumentere at dei har spesielle behov eller ulike vanskar/funksjonshemmingar som gjer det naudsynt med særskilt tilrettelegging ved prøver og eksamenar, må snarast ta dette opp med sin kontaktlærar. Eksempel på slik tilrettelegging kan være anna prøveform, ekstra hjelpemiddel eller forlenga tid.
HUSREGLAR FOR FYLKESKOMMUNEN SINE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL
På skolen skal du rette deg etter dei reglane som gjeld som t.d. ordensreglementet , IT-reglement
Om undervisninga
Møt alltid presis til timane og andre avtalar
Ha med deg det utstyret som vert kravd for å følgje undervisninga
Lever alltid arbeid i tide
Hald ro i undervisningstimane
Ikkje fusk eller forsøk å fuske ved prøver
Om bruk av PC
I undervisningstimane skal PC-en vere avslått og pakka ned dersom ikkje anna er avtalt med læraren.
Elektronisk utstyr (t.d. mobiltelefon, mp3-spelarar) er ikkje lov å bruke i undervisningstimane utan avtale med læraren.
I arbeidsøkter med bruk av berbar PC skal PC-skjermen leggjast ned når læraren ber om det.
Det er ditt ansvar at PC-en din fungerer som han skal og kan brukast på det trådlause nettet.
Når du bruker Internett skal du følgje skolen sine nettvett- og IT-reglar
Om livet på skolen
Vi snakkar høfleg og hyggelig til kvarandre og om kvarandre.
Mobbing, rasisme eller seksuell trakassering skal ikkje førekomme.
Sjikane på grunn av religion eller livssyn skal ikkje førekomme.
Vi banner ikkje
Vi røykjer ikkje, bruker snus eller bruker rusmidlar
Det er forbode å ha med kniv eller anna våpen på skolen.
Du skal ta vare på skolebygget og skolen sitt utstyr
Hold skolen rein og ryddig både inne og ute.
Ta godt vare på personlige eigedelar. Tek du med verdisaker på skolen er det på eige ansvar.
 
 
 
Ordensreglement for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune
Reglementet ligg på skolens heimeside www.sunndal.vgs.no. Lenke til ordensreglementet
 
 
FRÅVÆRSREGLAR FOR FYLKESKOMMUNEN SINE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL
Reglementet ligg på skolens heimeside www.sunndal.vgs.no. Lenke til fråværsreglementet
 
IKT-REGLAR FOR FYLKESKOMMUNEN SINE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL
Reglementet ligg på skolens heimeside www.sunndal.vgs.no.Lenke til IKT-reglementet
 
SAMARBEID MELLOM SKOLEN OG FØRESETTE
 
Sunndal vidaregåande skole ser på samarbeidet mellom  heim og skole som svært verdifullt.
 
For føresette til elevar på vidaregåande trinn 1 (1. år) blir det halde orienteringsmøte og klasseforeldremøte i september. Det kjem brev i posten med invitasjon til møta.
 
I november blir alle elevar og føresette til umyndige elevar invitert til ein samtale med kontaktlærar.
 
Det kan også avtalast tid for konferanse utanom dei faste foreldremøta. Vi rår til at det blir avtalt tid og stad på førehand (ring 71284300) eller direkte til kontaktlærar.
 
Vi gjer merksam på at skolen ikkje kan gi opplysningar om personlege og/eller skolefaglege forhold som gjeld myndige elevar, eller helseopplysningar om elevar som er fylt 16 år, utan at eleven sjølv gir  skriftlege løyve til at slike opplysningar blir gitt.
 
SKOLERUTE (for elevane) for skoleåret 2018-2019
Skoleruta ligg på skolens heimeside www.sunndal.vgs.no. Lenke til skoleruta