Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Reglar

Reglar

Husreglar for Sunndal vidaregåande skole

På skolen skal du rette deg etter dei reglane som gjeld som t.d. skolereglementet , IT-reglement

Om undervisninga
  • Møt alltid presis til timane og andre avtalar
  • Ha med deg det utstyret som vert kravd for å følgje undervisninga
  • Lever alltid arbeid i tide
  • Hald ro i undervisningstimane
  • Ikkje fusk eller forsøk å fuske ved prøver

Om bruk av PC
  • I undervisningstimane skal PC-en vere avslått og pakka ned dersom ikkje anna er avtalt med læraren.
  • Elektronisk utstyr (t.d. mobiltelefon, mp3-spelarar) er ikkje lov å bruke i undervisningstimane utan avtale med læraren.
  • I arbeidsøkter med bruk av berbar PC skal PC-skjermen leggjast ned når læraren ber om det.
  • Det er ditt ansvar at PC-en din fungerer som han skal og kan brukast på det trådlause nettet.
  • Når du bruker Internett skal du følgje skolen sine nettvett- og IT-reglar

Om livet på skolen
  • Vi snakkar høfleg og hyggelig til kvarandre og om kvarandre.
  • Mobbing, rasisme eller seksuell trakassering skal ikkje førekomme.
  • Sjikane på grunn av religion eller livssyn skal ikkje førekomme.
  • Vi banner ikkje
  • Vi røykjer ikkje, bruker snus eller bruker rusmidlar
  • Det er forbode å ha med kniv eller anna våpen på skolen.
  • Du skal ta vare på skolebygget og skolen sitt utstyr
  • Hold skolen rein og ryddig både inne og ute.
  • Ta godt vare på personlige eigedelar.
  • Tek du med verdisaker på skolen er det på eige ansvar.

 

Sentrale reglement for Sunndal vidaregåande skole

Felles ordensreglement for dei vidaregåande skolane


Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing ved Sunndal vidaregåande skole

" En person er mobbet eller plaget når han eller hun gjentatte ganger over en viss tid, blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere andre personer" (Olweus 1992)

Les meir

Mot rasisme og diskriminering

VISJON:
Ved å sette søkelyset på "Det fleirkulturelle" Sunndal, ønskjer vi å få fram det kulturelle mangfaldet vi har i Sunndal.
Vi ønskjer at menneske med ulik kulturbakgrunn skal kunne møtast for å bli kjend med kvarandre og få kunnskap om kvarandres kultur og bakgrunn. På den måten håper vi å kunne skape ei motvekt mot rasistiske strømningar som vi ser i samfunnet i dag.
Vi ønskjer å gjere Sunndal til eit godt samfunn å bu i for alle menneske, uansett hudfarge, religion, rase og nasjonalitet.

ARBEIDET ETTER
BENJAMINPRISEN 2002

Tildelinga av Benjaminprisen 2002 til Sunndal vidaregåande skole har vore til stor inspirasjon i arbeidet for eit godt fleirkulturelt lokalsamfunn i Sunndal.

Les meir