Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sunndal VGS > Nyheiter

PC-ordning for skoleåret 2018/19

Alle elevar ved Sunndal vidaregåande skole må ha eigen PC.

Når du som elev har fått tilbod om skoleplass vil du få ein eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune, på det telefonnummeret du har registrert i Vigo, med ei lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. På denne nettsida skal du bestille pc/pc-stipend. På denne nettsida skal du også gjere andre nødvendige val i forbindelse med skolestart. Avvent med å gå inn på skolestart.mrfylke.no til du har mottatt sms. Sms-en vil bli sendt ut i slutten av juli.

Utfyllande informasjon finn du her

Les meir

Har du fått tilbod om skoleplass hos oss?

Du skal vere hjarteleg velkomen som elev ved Sunndal vidaregåande skole.

På nettsida skolestart.mrfylke.no kan du registrere ønske om skolepc m.m.

Første skoledag blir måndag 20. august 2018 med oppmøte klokka 09:00.

Oppmøte utanfor inngangen til skolens ekspedisjon.

Ta med godt humør, noko å skrive på og med. I tillegg bør du ha noko til å bere skolebøkene i. Hengelås til bokskåpet ditt kan også vere lurt å ha. 

Opplysingar om skoleskyss finn du her

Les meir

Skoleskyss

Frå skoleåret 2018/19 blir det innført elektroniske skoleskysskort i Møre og Romsdal, og elevane på vidaregåande må søke elektronisk om skoleskyss.

For å søke, loggar du deg inn på skoleskyss.mrfylke.no

Dette gjer du etter at du har takka ja til skoleplass.

  • Elevar i vidaregåande skole har rett til fri skoleskyss når avstanden mellom heim og bustad er over 6 km.
  • Bur du på hybel, kan du ha rett til skoleskyss mellom hybel og skole, men berre dersom strekninga overstig 6 km.
  • Elevar som ønskjer å søke om skoleskyss grunna delt bustad, sjukdom eller skade, må levere søknad med vedlegg til skolen.

Du finn utfyllande opplysingar om skoleskyssordninga på denne lenka

Les meir

Krystallnatta

Elevar og tilsette ved Sunndal vgs markerte krystallnatta om morgonen fredag 10.11.2017.

Sigurd Bråten Gravem spela og sang, og Karen Berntsen Husby heldt appell

Les meir

Skole-PC?

Du finn informasjon om ordninga med skolepc her

Les meir

Skolestart

Første skoledag for elevane er måndag 21.08.2017 med oppmøte klokka 09:00 utanfor inngangen nærast ungdomsskolen.

Elevane bør ha med seg skrivesaker og noko  å bere lærebøkene i.

Det blir fotografering til skolebevis for alle elevane i løpet av måndag 21. og tysdag 22.08.

Vel møtt!!

Les meir

Ny elevportal

Det er laga ein ny, nettbaser elevportal med direktelenker til SkoleArena (Hypernet), Fronter, Office 365, Ordnett  m.m. i tillegg til mykje nytting informasjon for elevar ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal.

Lenke til elevportalen

Det ligg lenke til portalen på framsida til skolen si heimeside

Elevportal2
Elevportal
Les meir

Hydro Sunndal - Bedriftsbesøk for rektorar og leiinga på Utdanningsavdelinga

28.06.2017 fekk Hydro Sunndal besøk av rektorar ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune og leiinga ved Utdanningsavdelinga Hydro Sunndal. Hydro Sunndal er Møre og Romsdals største lærebedrift.

Fabrikksjef Eivind Mikalsen orienterte om Hydro Sunndal sine utfordringar og framdriftsplaner. Deretter fekk vi ei omvising med gode orienteringar om dei tre einingane i aluminiumsproduksjonen på Sunndaløra: Elektrolysefabrikken, Karbonfabrikken og Støperiet.  Leiinga på dei ulike einingane, tilsette, tillitsvalde og lærlingar fortalde om arbeidsoppgåver og bedriftskultur.

Bedriftsbesøk

 Foto: Eivind Torvik

Les meir

Korleis svare på tilbod om skoleplass

Du får melding om skoleplass via SMS på mobiltelefonen din

Du svarar på tilbodet om skoleplass  ved å logge inn på vigo.no med MinID.

Meir informasjon om skolestart finner du her: www.vilbli.no

Alle førsteårselevar skal logge seg inn på portalen skolestart.mrfylke.no etter 10.07.2017 og fylle ut bestillingsskjema for elev-PC eller PC-stipend. (Her finn du info om PC-ordninga)

Har du behov for skyss til og frå skolen?  Lenke til opplysingar om skoleskyss og registreringsskjema for skoleskyss

Velkomen som elev ved Sunndal vidaregåande skole! Første skoledag er måndag 21.08.2017. Vi startar klokka 09:00.

Les meir

Kva bidreg skolen med til elevane si læring?

I dag har Utdanningsdirektoratet offentleggjort ein rapport om skolebidragsindikatorar i vidaregåande skole. Rapporten tek for seg indikatorar på skolane sine bidrag til fullføring, gjennomføring og gjennomsnittskarakterar for skoleåret 2014-15, og for kullet som starta i vidaregåande skole hausten 2012.

Les meir