Personopplysningar

Møre og Romsdal fylkeskommune samlar inn og brukar ei rekke personopplysningar i samband med vidaregåande opplæring. Nedanfor er dei viktigaste bruksområda (behandlingane) og grunnlaget for behandlinga omtala.

Kva personopplysningar om deg behandlar fylkeskommunen?

Når du søkjer om plass i vidaregåande skole må fylkeskommunen ha informasjon om karakterar og anna frå grunnskolen for at inntaket skal bli rett. Denne informasjonen blir henta frå kommunen du gjekk ut av 10.klasse i, og blir brukt som grunnlag for å tildele skoleplass. Dette blir gjort i inntakssystemet til fylkeskommunen, VIGO. Opplæringslova er det overordna grunnlaget for behandling av personopplysningar om elevar i vidaregåande skole for dei måla som er nemnt her. Når du har fått og akseptert skoleplass blir informasjon om deg overført til det skoleadministrative systemet til fylkeskommunen.  Skolen du skal gå på får tilgang til denne informasjonen.

I løpet av den tida du har i vidaregåande skole blir informasjonen om deg brukt til å legge til rette for læring, rapportering til myndigheiter og dokumentasjon av tida di i skolen. Grunnlaget for at fylkeskommunen lagrar desse opplysningane om deg finst i opplæringslova og forskrift til opplæringslov. Du loggar på via FEIDE for å få tilgang til system via skolen. Feide er ei løysing for sikker pålogging.

I løpet av skoletida blir det lagra informasjon om læringa di og hendingar på skolen. Nokre data, for eksempel karakter, blir lagra for alltid, medan andre data blir oppbevart kortare. Det som bli lagra om deg er informasjon som er nødvendig for gjennomføring av opplæringa.

Du kan lese meir om dine rettigheiter og samtykke m.m. i den generelle personvernerklæringa til fylkeskommunen.