Ber elevar og tilsette teste seg før dei skal på skolen
Oppmoding til elevar og tilsette i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal: Sørg for å ta ein koronatest før du skal på skolen.
Frå onsdag 15. desember blei det satt i verk nye nasjonale tiltak for å avgrense smitten av koronaviruset. Blant tiltaka var raudt nivå i dei vidaregåande skolane, som betyr:
- Ingen sjuke skal møte på skolen
- God hygiene og forsterka reinhald
- Kontaktreduserande tiltak på skolane
- Dele inn elevar i mindre grupper – mål: Halvere talet på kontaktar
- Avstand mellom elevar/tilsette (minst ein meter) i alle situasjonar
- Vurdere alternerande oppmøtetider/alternative lokalar
- Delvis digital undervisning
Ulikt frå skole til skole
Tysdag er det skolestart etter juleferien. Fleire av skolane har heildigital undervisning dei første dagane denne veka, mens andre møter til fysisk undervisning som vanleg. Meir informasjon finn du på skolen si nettside.
Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune har ei sterk oppmoding til alle elevar og tilsette:
- For å unngå spreiing av koronaviruset, ber vi om at alle testar seg før dei møter på skolane. Sjølvtestane må du hente i din heimkommune, seier Flovikholm.
Og ho understrekar: - Har du symptom på korona; hold deg heime til du har fått testsvaret.
Unntak frå smittekarantene
Det er unntak for smittekarantene både for tilsette og elevar. Her er reglene, ifølge Utdanningsdirektoratet:
«Fra 1. januar er ansatte i barnehager, grunnskoler, videregående skoler og voksenopplæringen unntatt smittekarantene i arbeidstiden. De er unntatt karantene fra første dag, men må teste seg på døgn 3 og 7 etter nærkontakten. Unntaket gjelder ikke dersom den ansatte bor sammen med eller er tilsvarende nær den som er smittet.
Unntaket for barn, som ble innført 15. desember, gjelder fortsatt. Barn og unge under 18 år skal kun i smittekarantene dersom de bor sammen med eller er tilsvarende nær den som er smittet. Det er anbefalt at de tester seg på dag 3 og 7. Regjeringen har bestemt at dette unntaket også skal gjelde elever i videregående skole som har fylt 18 år.»
Følg med skolane si nettside
Føresette må følge med på skolane sine nettsider for meir informasjon.
Det er 20 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal med nesten 10.000 elevar og nærmare 2.000 tilsette.
Fagskolane følger eigne retningslinjer for smittevern.