Koronasituasjonen ved Sunndal vgs
Informasjon til elevar, tilsette og føresette:
Det er foreløpig ikkje påvist koronasmitte hos elevar eller tilsette ved Sunndal vgs.
Inneverande veke er ein tilsett (ikkje lærar) sendt i 10 dagars karantene, på grunn av påvist smitte i nær familie. Den tilsette har i dag blitt testa, og forventar svar på testen i løpet av søndag.
Skolen vil ikkje sette i verk ekstra tiltak før situasjonen eventuelt endrar seg.
Skolen understrekar likevel at elevar og tilsette må vere særleg nøye med å følgje dei smittevernreglane som gjeld: halde avstand, vaske hender ved ankomst og avreise frå skolen, samt før og etter mat og ved toalettbesøk.
Elevar og tilsette skal og vaske over pultar/bord med desinfiserande middel, når dei flyttar seg frå ein stad i bygget til ein annan.
Elevar og tilsette skal heller ikkje møte opp på skolen ved symtom på forkjøling/eller sjukdom.
Skolen vil informere elevar, tilsette og heimane dersom smittesituasjonen ved skolen skulle endre seg.