Normal skoledrift frå mandag 17. januar

I samråd med kommunelegen går Sunndal vidaregåande skole over til grønt nivå frå mandag 17.januar. 

Skriv ut

Det betyr at alle klassar skal møte til undervisninga etter ordinær timeplan. Det blir heller ikkje gjort endringar på romplanane, med mindre det blir meldt inn særlege behov.

Hugs å vere nøye med hygienen. Dersom du har symptom på sjukdom, må du teste deg. Er testen negativ, kan du møte på skolen.

Mandag startar også avsluttande termin 2, for dette skoleåret. Du har derfor og ein ny sjanse til å mobilisere for godt oppmøte og styrka innsats i faga dine.  

Snart kjem sola att og det blir vår i Sunndal.  Velkommen tilbake til normalen.

Ha ei god helg.

Kontakt