Skolevalgdebatten 2021
Skolevalgdebatten ved Sunndal vidaregåande skole sett opp i rekordfart.
Både elevar og tilsette møter til skoledebatt i Sunndal kulturhus, i Hovshall i dag, tirsdag 31.8.kl. 12.15
Det skjer etter at utdanningsutvalget på Fylket i går gjorde vedtak om at debattane skal arrangerast som fysiske møte, der det er mogleg.
Det vart ein rask snuoperasjon i går ettermiddag, men med flinke, samarbeidsvillige folk på alle nivå greidde vi å organisere for tradisjonell debatt.
For elevane er det sjølvsagt betre med fysiske møte enn å måtte møte politikarane digitalt. Dette handlar om å engasjere seg i andre og for samfunnet rundt.
– Viss du synest politikk er kjedeleg, er du sikkert litt kjedeleg sjølv og, tenkjer eg. For politikk handlar om alt det som er rundt oss på denne kloden- og det er jo her vi held til. Vil du ha eit ord med i laget, må du engasjere deg i det samfunnet vi skal ha i framtida. Bruk derfor debatten til å lære- og nytt deg av stemmeretten din på valgdagen.
God debatt!