Smitteverntiltak ved eksamen for privatistar
På grunn av situasjonen omkring korona-viruset, vil skolen ha skjerpa reglar for smittevern ved gjennomføring av eksamen.
Viktig
- at du henvender deg i ekspedisjonen når du kjem til skolen.
- at du ikkje møter til eksamen dersom du er sjuk eller har symptom på forkjøling, sår hals og feber. Er du i tvil om du kan møte, må du ta kontakt med skolen. Du må og varsle om du ikkje møter av andre årsaker.
- at du har god handhygiene-og vaskar/spriter hendene før du kjem inn i eksamenslokalet, før- og etter måltid, etter toalettbesøk og etter hosting/nysing.
- at du held avstand til andre.
- at du sjølv har med deg det du treng for å gjennomføre eksamen (t.d PC, ordbøker, kalkulator, linjal m.m). Skolen låner ikkje ut utstyr til eksamenskandidatane. Kva for hjelpemiddel som er tillatt står på tidlegare gitte eksamensoppgaver. Dei finn du på udir.no. Søk på fagkoden og bruk passord: Eksamen. Tidlegare gitte eksamensoppgaver for lokal skriftleg eksamen finn du på https://www.vigoiks.no/eksamen.
- at du nyttar tilvist plass/toalett og følgjer dei reglane som gjeld for smittevern.
Vel møtt til eksamen!