Spekterundersøking om mobbing 2023
Elevundersøkinga 2023, ved Sunndal vgs, viser at talet på elevar som seier dei opplever mobbing har auka sidan fjorårets kartlegging. Tala gjeld elevane i vg1.
Skolen gjennomfører derfor i dag, ved bruk av Spekter*, ei nærare kartlegging av i kva for grupper dette skjer, når det skjer og kven dette rammar, dvs. skjer mobbinga på skolen/i fritida, av medelevar/vennar, av vaksne, og er det fysisk eller digitalt. Kartlegginga er gjort for å kunne sette i verk tiltak for den enkelte /og eller i dei gruppene der undersøkinga viser at elevar blir utsett for mobbing. Alle elevane i vg1 blir bedne om å delta i undersøkinga.
Skolen vil, når resultata er klare, drøfte og iverksette tiltak for å stoppe og forebygge alle typar mobbing. Skolens innsatsteam mot mobbing (SIM) vil leie arbeidet, saman med kontakt- og faglærarar for vg1-klassane.
Dersom du som føresett har spørsmål knytt til undersøkinga, ber vi deg om å ta kontakt med skolen.
*Spekter er eit ikkje-anonymt verktøy for lærarar, som blir brukt til å kartlegge læringsmiljøet i ein skoleklasse.
Les meir her: https://www.spekterdigital.no/