Til deg som skal starte på Vg1
Her kjem litt informasjon til deg som skal starte på Sunndal vgs i haust. Ta gjerne kontakt med skolen om noko er uklart.
SKOLESTARTPORTALEN
Førsteinntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune var 6. juli. Svarfristen er 16. juli.
Etter at du har fått tilbod om skoleplass vil du få ein eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune med ei lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. I denne portalen kan du gjere nødvendige val i samband med skolestart. Her kan du velje målform, om du ønskjer å kjøpe ein fylkeskommunal elev-PC, kva for matematikkvariant og framandspråk du ønskjer på vg1 studiespesialisering og om du ønskjer å ha toppidrett e-sport eller breddeidrett som valfritt programfag.
Ikkje alle får tilbod om skoleplass ved første inntak. Dei dette gjeld må vente med å svare på skjemaet til dei har takka ja til skoleplass. I Møre og Romsdal er 2.inntaket ca 5. august med svarfristen 9. august.
Første skoledag er måndag 23. august.
UTSTYRSSTIPEND FRÅ LÅNEKASSEN
Har du takka ja til skoleplass? Da kan du søke om stipend frå Lånekassen. Det er lurt å gjere det no, for når hausten kjem er det lang behandlingstid.
Når du søker, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend. Er du over 18 år kan du signere avtalen digitalt. Er du under 18 år, må føresette signere avtalen.
Søknadsfristen er 15. november, men vi anbefaler deg å søke så fort du har fått skoleplass. Da vil pengane mest truleg vere klare til skolestart.
Satsane for utstyrsstipendet finn du på Lånekassens heimeside.
SØKNAD OM SKOLESKYSS
Så snart du har takka ja til skoleplass er det viktig at du søkjer om skoleskyss. Dette er noko du må gjere årleg. I lenka finn du nødvendig informasjon og snarveg til skoleskyssportalen.
Hugs at du skal bruke kortet alle åra du går på skole og har rett til fri skoleskyss. Ta derfor godt vare på kortet!