Velkommen til nytt skoleår!
Mandag 23.august startar skoleåret for alle elevar ved Sunndal vidaregåande skole. Du møter ute ved hovudinngangen kl. 09.00. Her vil rektor og tilsette ta imot deg.
Vi startar opp med ordinær undervisning så raskt som mogleg, og du bør derfor ha med deg skrivesaker, sekk og hengelås til bokskap, slik at du får låst inn dei lærebøkene du får utdelt.
Ta gjerne med deg eigen PC og.
Sunndal vidaregåande skole har «grønt nivå» ved oppstart, som betyr at vi følgjer vanlege reglar for smittevern. Vi skal fortsatt halde avstand til kvarandre og ha god handhygiene. Dersom du er sjuk, skal du ikkje møte på skolen. Ta kontakt med skolen viss du ikkje kan møte. Møter du ikkje opp første skoledag, og ikkje melder frå om det til skolen, taper du skoleplassen din.
Viss du treng skoleskyss, må du hugse å gå inn og registrere deg på skoleskyss.mrfylke.no, seinast innan 1.skoledag.
Du kan kontakte skolen på tlf.nr: 712 84 300
Vi gler oss til å ha deg som elev kommande skoleår.