Fråværsreglement

Fråværsgrensa i korte trekk

Meir enn ti % udokumentert fråvær i eit fag, kan føre til at eleven mister retten til halvårsvurdering med karakter eller standpunktvurdering. Eleven må legge fram godkjent dokumentasjon for å få fråvær unntatt frå fråværsgrensa. Rektor kan etter søknad i heilt spesielle tilfelle bestemme at eleven får karakter sjølv om ugyldig fråvær er over ti % (men ikkje meir enn 15 %). Fråværsgrensa gjeld for enkeltfag.

Eleven får varsel når det er fare for at dei ikkje får karakter (skjer når fråværet passerer fem %).

Kva vert ikkje rekna som fråvær?

  • Rådgiving på skolen
  • Samtale med helsesøster
  • Møte med PP-tenesten
  •  Utsett – eller ny eksamen
  • Organisert studiearbeid som er avtalt med faglærar eller avdelingsleiar
  • Elevrådsarbeid
  • Avtalt samtale med rektor eller andre tilsette

Eleven må ha papir/ dokumentasjon som viser kvifor han/ ho var borte fra undervisninga

Kva vert ikkje rekna som fråvær?

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald utanom skolen
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt – eller internasjonalt nivå innan idrett eller kultur
  • Inntil to dagar ved religiøse høgtider utanom Den norske kyrkja

Dokumentasjon av fråvær

Vis fram dokumentasjon første fråværsdag, kontaktlærer tar vare på dette (eigenmeldingsskjema ved sjukdom finst på Itslearning -> 01 Fellesrom -> Ressurser - > Skjema -> «Egenmeldingsskjema for elever»

Elles må eleven legge fram følgande dokumentasjon dersom fråværet overstige 10 %: 

  • Dokumentasjon ved helse- og velferdsgrunnar
  • Legeerklæring
  • Dokumentasjon frå fysioterapeut, tannlege eller psykolog
  • Eigenerklæring ved dokumentert kronisk sjukdom eller udiagnostisert sjukdom under utreiing (rektor godkjenner)
  •  Begravelse – erklæring frå foreldre eller eigenerklæring (når myndig)

Skjønn opp til 15 %

Rektor kan utøve skjønn i spesielle tilfelle når det udokumenterte fråværet er mellom 10 og 15 %

Snever unntaksbestemming. Dette skal ta i vare elevar i ein vanskeleg livssituasjon, f.eks. kan vanskar i heimen gjer det vanskeleg å skaffe dokumentasjon på fråværet. Det vil uansett vere viktig at ikkje fråværet er så omfattande at ikkje lærar har eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag (uavhengig av fråværsgrensa).

Kva må skolen gjere?

Står eleven i fare for å miste halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, må faglærar sende ut varsel. Om eleven mister standpunktkarakter, har han/ ho klagerett. Mister eleven halvårsvurdering med karakter i eit fag, har han/ ho ikkje klagerett. Ved bortfall av karakter, skal det førast karakter IV

Kva skjer dersom eleven ikkje får karakter?

Eleven kjem ikkje inn på neste årstrinn (må evt ta kurset om igjen – f.eks. Vg1). Har eleven mål om å få studiekompetanse, blir det vanskeleg/ umogleg å få førstegongsvitnemål. Dette medfører i verste fall at eleven ikkje får inntak ved høyskole/ universitet eller lærekontrakt/ fagbrev. Det kan også medføre utfordringar med å få andre jobbar. 

Samarbeid mellom skole og foreldre er heilt avgjerande for å unngå at elevar fell ut av den vidaregåande skolen. Ta kontakt med skolen raskt om de har spørsmål eller bekymringar.