Dersom du har særskilte behov, vanskar eller funksjonshemmingar som gjer det nødvendig med særskilt tilrettelegging av eksamen, kan du søke om dette.
Kva kan du få tilrettelagt?
Tilrettelegginga skal så langt det let seg gjere bli tilpassa ditt behov, men kan ikkje vere så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget.
Tilrettelegginga skal gi deg dei same moglegheitene som andre eksamenskandidatar til å få synleggjort kompetansen din på eksamen, men den skal ikkje gi deg fordelar samanlikna med andre eksamenskandidatar.
Særskilt tilrettelegging kan vere:
- Utvida tid
- Skrivehjelp
- Forstørra skrift
- Eksta lys
- Moglegheit til å ta mange pausar
- Tilgang til kvilerom
- Få eksamensoppgåva lest opp
- Eige rom/skjerma eksamensplass
Dokumentasjon
Du må legge legge ved ei sakkunnig uttale i søknaden. Dette kan vere legeerklæring, erklæring frå psykolog/psykiater/fastlege eller erklæring frå spesialpedagog/logoped.
Søknadsfrist for særskilt tilrettelegging
- 30. september for hausteksamen
- 15. februar for våreksamen
Du vil få svar i god tid før eksamen om tilrettelegginga er godkjend.
Her kan du søke om tilrettelegging i Privatistportalen