I dag, onsdag 11.november og torsdag 12.november har vi besøk av 10.klassingar frå Sunndal ungdomsskole, Tingvoll ungdomsskole, Eidsvåg barne- og ungdomsskole og Sunndal Vaksenopplæring.
Dei besøkande deltar i undervisningsopplegg på to sjølvvalde programområde i løpet av desse to dagane. Skolens eigne elevar stiller som omvisarar og guidar for gjestene.
Fleire avdelingar (programområde) har og invitert med seg lokalt næringsliv, som presenterer eigen bransje for elevane.
Rektor spanderer lunsj til dei besøkande i skolens kantine, begge dagar.
Så er det å håpe at elevane frå grunnskolane og Vaksenopplæringa blir våre nye elevar frå hausten 2026.
Velkommen til Sunndal vidaregåande skole!